Mandag 22. oktober kommer Narve Lid med en eksklusiv premierepresentasjon av den nye boka si, I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen. Det blir mulighet for å sikre seg en signert utgave av boka og ta en kaffekopp i gøtt lag. Foredraget starter klokka 18, kom & hør! 🙂

Her er forfatterens egen presentasjon av boka:
Denne boka er ei forteljing om kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912). Han hører til Gullalderen i norsk målarkunst. Ein heil koloni av dei drog til München for å studere midt på 70-talet, ein ungskog av komande stjerner. Dit reiste Harriet Backer, Kitty Kielland og Eilif Petersen, og snart etter kom Erik Werenskiold, Christian Skredsvig, Jakob Gløersen, Theodor Kittilsen, Gerhard Munthe, Fredrik Kolstø og Nils Bergslien for å nemne nokon.

Da Gløersen kom heim att frå München i 1881, var han bestemt på kva for bildekunst han vil via livet sitt til. Han fortel at han no var overbevist naturalist og friluftsmålar. I tråd med naturalismen sin kunstfilosofi og dei nasjonale straumane på denne tida, ønskjer han å formidla norsk identitet gjennom natur og folkeliv.

Han vant snart stort ry, og vart rekna som ein av dei store kunstmålarane medan han levde. Han deltok på internasjonale utstillingar, og vann sølvmedalje på Verdensutstillinga i Paris 1889 og gullmedalje på den Internasjonale utstillinga i München 1891. Det nystarta Nasjonalgalleriet skaffa seg 27 måleri og teikningar av han, i den trua at han i framtida ville bli ståande som ein viktig representant for denne perioden i norsk målarkunst.

Boka er i fyrste rekke ei forteljing frå livet som biletkunstnar her i Norge rundt århundreskiftet. Forfattaren går i fotspora hans, gjennom dei 140 breva han har sendt til venene sine, i hovudsak Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Med breva som hovudkjelde, supplert med presseklipp, katalogar og kunstbøker, teiknar han eit bilete av eit kunstnarliv slik det arta seg på den tida. Sitat frå breva er bunde saman med forfattaren sine eigne kommentarar, og gjer at lesaren etter kvart synes at han kjenner denne mannen ganske godt.

Translate »